Exemplu de cautare: Depeche Mode  

Adauga versuri Noi Videoclipuri Muzica Jocuri Online Imagini Desktop si Restaurante Cautari versuri

Versuri Vamp - Frokost ved Sonne

Versuri-versuri.ro > Versuri Litera V > Versuri Vamp > 13 humler - Frokost ved Sonne
Videoclipuri Vamp Frokost ved Sonne
Loading...


Tekst: Kolbein Falkeid / Musikk: Øyvind Staveland



Me låg ner me Sonne ein sundag i mai

drakk frokost i ro og i mak.

Sjøen sto blanke og blå og stand by

og dassmorten slo nåken vak.

Og drøsen gjekk fredig i trav og galopp,

med radla om Rom og Hong Kong

te Okki me Nasen tok monnspillet opp

og blåste ein shanty, og song.



Eg vill ikkje sei’ at han eige gehør

og har englarøst akkurat.

Men me låg der og va i velsigna humør,

og han Okki e og kamerat.

Så me gav han ein tjangs både Kallen og eg

og han Peder og Siddis du vett.

Og Okkien song mens han tok nåken steg

på kaien sin brosteinsparkett.



Det va om ei jenta eg aldri har sitt

i et land så eg aldri har hørt,

men hu hette vist nåke med Tulamitt

og gjekk rundt i et pallmeskjørt.

Og hu satt på ei strand og hu speida mot hav

itte ein eller e’en matros

så visst hadde fått seg ei sykkvåte grav

longt vekk fra si sydhavsros.



Det va felt så hu legta, og auene hong

så druer og dadler med vin.

Det skar oss i hjerta når Okkien song,

Og sorgå va ekta og fin.

Me sokk i oss sjøl, og i halsen det brant,

og kanskje så gtåt me ein skitt.

Eg hørte at Pederen pusta så grant,

men Kallen – han skolle du sitt.



Han låg så ein dauing og heiv itte luft,

så mønstra han på og kløyv opp,

og sto så ein eldgammal draug eller tuft

og skalv ifra tå te topp.

Me tenkte at nå e det takk og fravel

for Kallen, men der tok me feil.

Te livet han klamra seg fast likavel,

han heiv bare ner nåken seil –



Og sa, mens ein demning i auene brast,

te Okki med Nasen som så:

Matrosen du song om e litt av ein gast,

det kan du forlata deg på.

Og jenter det hadde han seint og titt

- eg trur det va hundre-og-ni –

ei kalte du nettopp for Tulamitt,

men navnet var Tulla mi.



Hu va dotter te chifen på Salomons øy

på sjuande breddegrad.

Rundt hoftene bar hu ei hesja av høy

og ikkje et palmeblad.

Matrosen og hu dei forelska seg

og tok ikkje fri et sekund.

Eg vett det jo godt, for matrosen va meg

Kalle Bang i fra Haugesund.



Me satt der og dånte og fant ikkje ord,

te Siddisen sa på sitt mål:

Kafor flykta du, Kalle, fra Salomons jord

te Haugesunds pollause hål?

Då kom det fra Kallen et gasta grynt:

Eg lengta jo him, ai-ai,

te Okki og deg – og en baier te pynt

ved Sonne ein sundag i mai.

Top 10 albume pe versuri-versuri.ro
  1. Joan Baez
    Nume Album : Miscellaneous
  2. Rimini Project
    Nume Album : Unknown
  3. Stranglers
    Nume Album : Unknown
  4. Vanwarmer Randy
    Nume Album : Unknown
  5. Marillion
    Nume Album : Script For A Jester's Tear